|
|
|
Sjølv om det var Volvo som hadde utvikla T 15 vart han òg selt gjennom Bolinder Munktell sine forhandlarar, under namnet BM 15 Terrier og frå 1957 som BM 425 Terrier. I starten var BM 15 og BM 425 grøne, men frå 1958 var BM 425 raud som Volvo T 425. Bolinder Munktell var som kjent eit dotterselskap til Volvo og på denne tida vart det slutt på at traktorane vart selde gjennom to separate forhandlarkjeder og ein tok til å nytta namnet BM Volvo.
|