Bolinder Munktell BM 4 (1941 - 1942)
På grunn av at oljetilførselen var blokkert under 2. verdskrig måtte Bolinder Munktell finne ein måte for å nytta knott som drivstoff. På denne tida fanst det inga løysing for å køyre glødehovudmotorar på gengass. Forgassar-motorar, derimot, kunne køyrast på gengass. Det vart difor utvikla ein modifisert versjon av BM 2, med ein 6-sylindra Volvo forgassarmotor. Denne fekk modellbetegnelsen BM 4. På grunn av at den 6-sylindra motoren var lengre enn den 2-sylindra glødehovudmotoren i BM 2 måtte akselavstanden aukast med 12 cm. Gengassaggregatet hadde elektriske vifter, så traktoren var utrusta med dynamo. Etter som han likevel hadde elektrisk anlegg vart han utstyrt med elektrisk startmotor og lys. Vedlikehaldet av gengassaggregatet førte til mykje ekstraarbeid, så BM 4 var å rekna tom ei naudløysing.