|
|
|
BM 35 og BM 36 var Bolinder Munktell sine fyrste traktorar med dieselmotor. Motoren var ein moderne 3 sylindra konstruksjon med direkteinnsprøyting.
Bortsett frå motoren var BM 35/36 lik med BM 31 / BM 34 og Volvo T 30-serien. Girkassen hadde difor 5 gir framover og eit reversgir. Han hadde ikkje differensialsperre. BM 36 var ei radkulturutgåve av BM 35.
Kraftuttak og hydraulisk trepunktsoppheng var ekstrautstyr. Hydraulikken hadde framleis ikkje automatisk djupneregulering og lyfteevna var berre 900 kg.
|
|
|
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|
BM 35 med slepetreskar.
|