|
|
|
BM 230 Victor var Bolinder Munktell sin minste traktor med dieselmotor. Motoren kom frå same serie som motorane i BM 35/36 og BM 55, men hadde berre to sylindrar. Ved introduksjon var maksimaleffekta oppgjeven til 31 hk ved 1700 o/min, men seinare vart maksimalturtalet auka til 2000 o/min, slik at effekta auka til 33 hk. Dreiemomentet auka helt ned til 800 o/min og BM 230 fekk etter kvart rykte for å ha uvanleg gode seigdragingseigenskapar. BM 230 var utstyrt med elektrisk startmotor.
Girkasse og bakaksel av same type som i BM 10, BM 24/25 og T 20-seien. Det var difor 5 gir framover og eit reversgir. Bakakselen hadde portalakslingar, noko som var med på å auka frigangshøgda. Stor frigangshøgd var eit føremon når traktoren vart nytta i skogen, eller i radvekster, med det førte samstundes til at tyngdepunktet fekk ei høgare plassering. Som forgjengaren hadde BM 230 berre koplingsavhengig kraftuttak.
BM 230 hadde trepunktsoppheng med hydraulisk løft, men ikkje automatisk djupneregulering og løfteevna var berre 850 kg. Hydraulikkpumpa var montert direkte på motoren, så hydraulikken hadde den føremon at han var koplingsuavhengig.
|
|
|
|
I starten var BM 230 grøn, men seinare skifta farga til raud.
|
Trekkbom og trepunktsoppheng. Innstiginga til førarplassen skjedde attafrå.
|
|
|
|
Batteriet og luftfilter hadde litt utsett plassering.
|
I Noreg vart det for det meste nytta einaksla tilhengarar, så traktoren var ofte utstyrt med trekkrok enn i staden for trekkbom.
|