|
|
|
BM 20 var stort sett same traktor som GBMV-1, men gjekk på råole i staden for vedgass. Han hadde same Bolinder W5 glødehovudmotor som BM 2, men turtalet var sett opp til 1050 o/min, noko som auka effekta til 41 hk. Girkassen var same 5-trinns kasse som i GBMV-1. Dette var Bolinder Munktell sin stortraktur i etterkrigstida.
BM 21 var ein oppgradert versjon av BM 20. Effekta var auka med eit par hk ved å gå over til toppinnsprøyting. Innsprøytingsdysene kunne regulerast frå førarsetet, alt etter brenselkvalitet og belastning.
|
|
|
|
Her ser ein bakaksel, trekkbommen og reimskiva.
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|