Bolinder Munktell 25 / BM 2 (1934 - 1945)
Munktells 25 vart introdusert i 1934, etter at Munktells Mekaniska Verkstads AB i Eskilstuna og J & CG Bolinders Mekaniska Verkstads i Stockholm hadde gått saman under namnet AB Bolinder Munktell. Typebetegnelsen var fyrst Munktells 25, for så å verta endra til Munktell BM 2. Munktells 25 var beregna på å dra ein 2-skjers plog, men han var lettare enn Munktells 22 og 30, som han erstatta. Vekt/effekt-forholdet var no nede på 66 kg/hk.
Bolinder-motorane var økonomiske og driftssikre og meir moderne enn Munktells sine motorar. Munktells 25 var difor utstyrt med ein Bolinder-motor, som i likheit med dei tidlegare Munktells-motorane var ein 2-sylindra 2-takts glødehovudmotor. Nominelt turtal var 900 o/min, med til skilnad fra dei eldre Munktells-traktorane var turtalet på type 25 variabelt. Motoren vart starta med trykkluft, så så lenge det var luft på trykklufttanken slapp ein å nytta veiva.
Munktells 25 / BM 2 hadde tørrlamell skivekopling og 4 gir framover. På denne tida var gummihjul på veg til å ta over frå jarnhjul. Traktoren kunne difor leverast med to førskjellege utvekslingar. I starten var det handtak for koblinga, men dette vart etter kvart erstatta med ein koplingspedal for at det skulle vera enklare å nytta traktoren til transport på veg.
|
|
|
|
25 / BM 2 med jarnhjul.
|
25 / BM 2 med gummihjul.
|
|
|
|
|
Klikk på biletet for å forstørra det.
|
Reimskiva var montert på venstre side.
|