|
|
|
I tillegg til landbruksversjonen vart det òg produsert ein forsterka industriversjon, med typebetegnelsen 470 I, der girkasse og bakaksel var laga av seigare jarn som var meir motsandsdyktig mot utmatting og brot. Framakselen var òg kraftigare og traktoren var utstyrt med industridekk.
Bison 470 I vart godt motteken av Livab AB i Braås, som produserte drivdumperar. Bison 470 hadde mykje kraftigare motor enn BM 55, som han erstatta. Livad DKD 15 kunne ta 8 m³ og hadde ei nyttelast på 15 ton. Med den auka effekta kunne ein halda høgare hastigheit enn med BM 55. Det var drift på fremre boggiaksel, så framkomligheita var god. Bison 470 hadde ikkje uavhengig kraftuttak, så DKD-15 var utstyrt med girkasse og føraren måtte skifta gir samstundes på traktor og dumper.
I 1964 vart det produsert omlag 90 industriversjonar med typebetegnelsen 473, som var utstyrt med markavhengig kraftuttak. Det var spesielt mynta på å trekkja drivhengarar og Livab produserte drivdumperen DR-1524, som var spesielt tilpassa Bison 473. Når traktoren hadde markavhengig kraftuttak var det ikkje naudsynt med dirkasse på hengaren, så føraren slapp å skifta gir på hengaren.
|
|
|
|
Her ser ein den forsterka framakselen på industriversjonen.
|
Bakakselen på Bison 470 I var kraftigare enn på landbruksversjonen.
|
|
|
|
Med den kraftige motoren kunne Bison 470 I halda høgare hastigheiter enn BM 55, noko som auka lønsemda.
|
Livab DR-1524, som hadde ein kapasitet på 15 ton, var tilpasse Bison 473 og hadde drift på fremre aksel, men ingen girkasse.
|
|
|
|
Bison 470 I i arbeid med Livab DKD-15.
|
Gruskjøyring med Bison 473.
|
|
|
|
Bison 470 I høvde godt til tunge slep.
|
Tungtransport med Bison 470 I.
|
|
|
|
Det svenske luftforsvaret sette òg pris på Bison 470 I.
|
|