|
|
|
Bison 470 kom på marknaden i 1959 og erstatta BM 55. Makseffekta vart oppgjeven til 73 hk, som var ei auke på 28 % i høve til BM 55. I 1959 var dette ein svært kraftig traktor og det vart reklamert med at Bison 470 var ein av dei kraktigaste traktorane i verden. Med unnatak av motoren var Bison 470 lik med BM 55 og som denne hadde 470 berre 5 hastigheiter framover og eit reversgir. Dette var fyrst og fremst ei enkel og slitesterk trekkmaskin.
I 1962 og 1963 vart det produsert nokre traktorar med firehjulsdrift. Desse hadde typebetejnelsen Bison 471.
I tillegg til landbruksversjonen var det produsert ein industriversjon, Bison 470 I. I 1964 var det produsert nokre industritraktorar, Bison 473, med markavhengig kraftuttak, spesilet beregna på drivdumperar.
|
|
|
|
|
Klikk på biletet for å forstørra det.
|