|
|
|
Buster 400 var ein noko større traktor enn Buster 320, som han erstatta. Motoren var ein 3-sylindra Perkins diesel med direkte innsprøyting. Den nye motoren hadde betre kallstarteigenskapar, betre seigdragingseigenskapar og bruka mindre drivstoff enn forkammermotoren i føregjengaren.
Buster 400 var kraktigare dimensjonert enn Buster 320 og akselavstanden var større. Ei viktig endring var ein ny girkasse med 8 hastigheiter framover og to i revers, fordelt på fire låg og fire høggir. Det var ei separat girskap for å skifta mellom høg- og låggir. Differnsialen var plassert før bakakselen og det var nedgiring etter differensialen, slik at belastninga på differensialen vart mindre. Buster 400 var utstyrt med skivebremser, plasserte på differensialakselen framom bakakselen.
Buster 400 hadde både motoravhengig og markavhengig kraftuttak. Traktoren var tilgjengeleg både med eittrinns og totrinns kopling. Hydraulikken var Terra Trol som på Buster 320, men løfteevna var auka til 1250 kg.
Buster 400 var ein robust og påliteleg traktor. I Noreg var han populær både i jordbruket og i skogen. Traktoren hadde god frigångshøgd og utstyrt med halvbekter hadde han god framkomstevna i ulendt terreng. Det vart òg levert ein industriversjon, med forsterka akslingar og kraftigare dekk. Han var òg nytta med gravemaskin og frontlastar.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Batteria var plasserte under panseret.
|
Panseret kunne lyftast opp for å koma til motoren.
|
|
|
|
|
.
|