|
|
|
Boxer 350 kom på marknaden i 1959 og erstatta BM 35/36. Motoren var av same type, med med litt større sylinderdiameter og maksimaleffekta var auka til 56 hk. Boxer 350 hadde større akselavstand enn forgjengaren BM 35/36 og føraren var plassert lenger fram.
Med unnatak av motoren var Boxer 350 nyutvikla og stod fram som ein svært moderne traktor då han kom på marknaden. Den hadde høg- og låggir, slik at det til saman var 10 hastigheier framover og to i revers.
Boxer 350 vert rekna som ein av Bolinder Munktell / Volvo sine mest vellukka traktorar. Den var robust og driftsikker og i tillegg lettkjøyrd. Boxer 350 vart nytta som grunneining for skogs- og annlegsmaskiner, dei fleste utvikla av andre føretak i samarbeide med Bolinder Munktell i Eskilstuna.
|
|
|
|
Boxer 350 med vernebøyle.
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|
|
|
|
Boxer 350 oppafrå.
|
Boxer 350 frå undersida.
|