|
|
|
Buster 320 var ein dieselversjon av bensintraktoren T 425 og erstatta T 425 og den noko aldrande dieseltraktoren BM 230 Victor. Motoren var ein 3-sylindra Perkins på 37 hk. Dette var same motor som i konkurentane Massey Ferguson 135 og Fordson Dexta. I perioden 1962 - 1963 kunne òg Buster 320 leverast med Volvo B 18 C bensinmotor, men det vart produsert berre 650 av denne typen.
Girkassen i Buster 320 var same 5-trinns girkasse som i T 425. Traktoren hadde eittrinns kopling som standard, men kunne utrustast med totrinns kopling som ekstrautstyr. Totrinnskoplinga var serleg nyttig ved kjøring med slåmaskin og forhaustar, ettersom ho gjorde det lettvindt å stogga framdrifta for å lata slåmaskina eller forhaustaren arbeida seg laus i tjukt gras.
Buster 320 var ein lettkjøyrd og påliteleg traktor som høvde godt på dei mange brattledte bruka i Noreg. Det var òg ein brukbar skogstraktor, men han ville ha vore enda betre om den hadde vore utstyrt med fleire gir.
|
|
|
|
Buster 320 hadde lett tilgång til motoren.
|
Buster 320 hadde to batteri, men det var eigentleg plass berre til eit, så det eine hadde ei noko utsett plassering på høgre side framom førarplassen.
|