|
|
|
I 1922 hadde Benz & Cie. kome så langt med utviklinga av ein dieselmotor at dei utstyrte ein oppdatert versjon av T3 med ein 2-sylindra forkammer dieselmotor. Effekta var oppgjeven til 25 hk ved 800 o/min. Dette var omlag same effekt som benzolmotoren i T3, men totalvekta til S 6 var på omlag 2500 kg. For at det skulle vera mulig å dra i gång motoren for hand var han utstyrt med dekomprsjonsventillar. I tillegg vart det nytta startpatroner.
S 6 var den fyrste traktoren i historia med dieselmotor. Det var i hovudsak Prosper l'Orange og Kurt Elze som hadde utvikla dielsemotoren så langt at han kunne nyttast i praksis. Det som tidlegare hadde vore problemet var at den høge kompresjonen krevde at drivstoffet vart sprøyta inn under høgt trykt og i nøye tilmålt dosering. Det var fyrst etter at Prosper l'Orange og Kurt Elze klarte å laga ei brukbar innsprøytingspumpe at dieselmotoren vart eit alternativ i lastebilar og traktorar. Tidlegare dieselmotorar hadde nytta trykklyft for å sprøyta inn drivstoffet i sylinderen.
BS 6 hadde same byggemåte som T 3, med berre eit drivhjul og som føregangaren var han utstyrt med små støttehjul for å hindra at han rulla rundt.
BS 7 var ein oppdatert versjon av BS 6. Motoren i BS 7 hadde same sylindervolum og turtal som i BS 6, men den oppgjevne effekta var auka frå 25 til 30 hk. Det er ikkje kjendt om effekta var auka ved til dømes betre innsprøytning, eller om ho var auka på grunnlag av målingar.
BS 8 var ein oppdatert versjon med 3 hastigheiter framover. Dieselmotoren hadde gode seigdragingseigenskapar og Benz-Sendling fekk rykte for å ha stor trekkraft. Men motoren var vanskeleg å starta og sume let traktoren gå på tomgang heile natta for å sleppa unna startproblema om morgonen.
|
|
|
|
Føraren var plassert på høgre side av bakhjulet.
|
På dette biletet er dekslet fjerna slik at ein ser kjededrifta til bakhjulet.
|
|
|
|
Pløying med historias fyrste dieseltraktor.
|
|