Trehjulstraktoren
BS var noko ustabil så Benz-Sendling gjekk inn i eit samarbeide med det preysiske føretaket Komnick AG. Benz-Sendling BK var i røynda ein
Komnick PT med Benz dieselmotor. Benz-Sendling sin verson, med dieselmotor, fekk typebetehnelsen BK, der K stod for Komnick. Motoreffekta til Benz-Sendling BK var oppgjeva til 30 til 35 hk, medan bensinmotoren i Komnick PT hadde ei oppgeva effekt på 60 hk.
Benz-Sendling BK var byggd med halvramme. Med to drivhjul hadde han betre stabilitet enn trehjulstraktoren BZ. Midt på 20-talet heldt òg materialkvaliteten på å verta så pass bra at differensialen ikkje lengre var eit svakt punkt. Det er ikkje kjendt om Benz-Sendling BK vart levert med differensialsperre som Komnic PT.