|
|
|
I 1919 stifta Benz & Cie saman med Munchen-Sendling føretaket Benz-Sendling Motorpflüge GmbH, som utvikla ein traktor med eit bakhjul og to framhjul. Denne byggemåten gjorde at det ikkje var naudsynt med med differensial, med den førte samstundes til dårleg stabilitet. Traktoren var difor utstyrt med små støttehjul for å hindra at den rulla rundt.
Motoren var ein 2-sylindra Benz & Cie. benzolmotor på 20 til 25 hk. Det var berre ei hastigheit i kvar retning og det var kjededrift av drivhjulet. Motor og transmisjon var bolta saman til ein berande konstruksjon. Føraren var plassert bak og til høgre for drivhjulet.
|