|
|
|
J.V. Svendsons Motorfabrikk (frå 1925 AB Avancemotor) i Augustendal, Sverige, produserte ein 2-skjers motorplog med ein 1-sylindra 19 hk glødehovudmotor. Dette var ein av dei fyrste traktorane i historia med glødehovudmotor. For å unngå at glødehovudet var for varmt vart det sprøyta inn vatn i sylinderen, noko som ikkje var så uvanleg på denne tida. Det var to gir framover, men ingen revers. For å reversere var det naudsynt å stogga motoren og starta den i motsett rotasjonsretning. Motorplogen vog 4200 kg, så vekt/effekt-forholdet var på 223 kg/hk.
|
|
|
|
På dette biletet ser ein korleis plogen var festa i ei ramme bak på traktoren.
|
Avance motorplog var, som namnet seier, beregna på pløying.
|
|
|
|
Traktorføraren måtte vera i stand til å utføre naudsynt vedlikehald og reparasjonar.
|
|