|
|
|
Den fyrste tyske traktoren vart produsert av Adolph Altmann, i Berlin. Altmann produserte frå før damplokomobilar, noko traktoren bar tydeleg preg av. Motoren var ein 1-sylindra forgassarmotor på 18 hk, med fordampingsavkjøling. Traktoren hadde ikkje differensial, så for å svinga var det naudsynt å kopla frå drifta til det eine drivhjulet. Føraren hadde svært god utsikt framover, men bakover var den ikkje fult så god. Det er vel tvilsamt om denne traktoren var nyttig for landbruksføremål. Ordet «traktor» eksisterte ikke på tysk på denne tida og Altman nytta den latinsk/franske nemninga «tracteur».
|