|
|
|
Den danske båtmotorfabrikken Aabenraa Motorfabrik, Heinrich Callesen & Co. i Åbenrå, i det sydaustlege Jylland, produserte i åra rundt 1920 ein landbrukstraktor. Motoren var ein 24 hk glødehovudmotor, så den gjekk på billig råolje. Traktoren hadde berre eit framhjul og han hadde drift på alle tre hjula. Han var stor, tung og uhandterleg og vart ingen suksess. Det vart difor berre produsert ein plass mellom 10 og 20 traktorar.
|